Vi vil freiste med fire varierte og gode filmar med røtter i nordisk friluftsliv. Her skal du bli underhaldt, inspirert og betre kjend med kva som rører seg av filmprosjekt i Noreg!

Billettsalet er i gang og turneplanen finn du her!

Klatring i Flatanger, med Tina Johnsen Hafsaas og Thilo Schröter 

I Under Your Nose blir vi med Tina og Thilo som utforskar etablerte buldre og nye linjer på både stein og klippe, med og utan tau! Alt foreviga av filmskapar Marco Zanone

Les meir om filmen!

Sjå trailer her

Elvepadling i Tyrkia, av og med Eirik Hansen

Locked in - A Turkish Whitewater Epic er ein film av og med Eirik Hansen, Martin Vonheim og Ruben Johnsen Davidsen som til Manavgat gorge i Tyrkia på elvepadletur, der dei opplevde både opp- og nedturar! Eirik har no satt saman ein epic padlefilm til oss!

Les meir om filmen!

Sjå trailer her

Ekspedisjon på Svalbard, av og med Vincent Colliard og Caroline Côté

Njord er ein film om vinterkryssing av Svalbard, frå nord til sør. Denne gang med start og slutt i Longyearbyen og heilt sjølvforsynt. 63 dagar på tur frå februar til april. Bli med på den fantastiske reisa til paret Vincent og Caroline!

Les meir om filmen!

Sjå trailer her

Sykkel og eventyr, ein film av Mikkel Soya Bølstad

The Ride Back er ein hyllest til det enkle livet på to hjul og sykkelen som reiskap til eventyr og opplevingar, enten det er korte turar i nærområdet, djupt inn i øydemarka eller på turar som kanskje burde blitt på tegnebrettet.

Les meir om filmen!

Sjå trailer her